Viktig melding

Lukk meldinga

Ettervern

Ettervern er eit tilbod for unge vaksne mellom 18 og 25 år som tidlegare har hatt tiltak i barneverntenesta fram til fylte 18 år. Tilbodet er frivillig.

Kva er ettervern?

Ettervern kan til dømes bestå av:

  • Forlenging av allereie aktive tiltak. Viss du allereie bur i fosterheim kan ettervernet vera at du kan fortsetja å bu der etter at du har fylt 18 år.
  • Hjelp til koordinering av hjelpetiltak frå andre instansar, til dømes NAV.
  • Råd og rettleiing.
  • Oppfølging i bustad/hybel.
Kven kan få ettervern?

Ungdom mellom 18 og 25 år som har hatt tiltak gjennom barneverntenesta før fylte 18 år kan ha rett på ettervern.

Kan eg be om ettervern etter eg er blitt 18 år?

Ja. Frå du er 18 år til du fyller 25 år kan du be om ettervern viss du har hatt hjelp av barneverntenesta før du var 18 år.

 

Viss du ikkje har hatt kontakt med barneverntenesta før fylte 18 år, er det andre instansar som kan hjelpa deg.

Kan eg be om ettervern dersom eg allereie har takka nei til tilbod før eg fylte 18 år?

Ja. Du kan ta kontakt om du har takka nei tidlegare.

Kven skal eg kontakta viss eg har spørsmål?

Viss du har ein kontaktperson, kan kontaktpersonen kontaktas.

 

Viss ikkje kan du henvenda deg til barneverntenesta sin kontakttelefon på telefonnummer 992 14 938. Telefonen er bemanna kvardager mellom klokka 07.45-15.15.