Viktig melding

Lukk meldinga

Spesialpedagogisk team

Teamet gir spesialpedagogisk hjelp til eit eller fleire barn, uavhengig om dei går i barnehage eller ikkje. Hjelpa skal vera i tråd med tilråding frå PPT og enkeltvedtak.

Spesialpedagogisk team består av spesialpedagogar som har spesiell kompetanse på barns ulike utviklingsområde, læring og utviklingsfremmande aktivitetar. Tiltaket skal vere tilpassa barna sine ulike behov og forutsetningar, og sikra ei god utvikling.

Den spesialpedagogiske hjelpa blir gitt i form av direkte hjelp til barnet. Hjelpa gis av spesialpedagog enten ein-til-ein, i gruppe og/eller gjennom rettleiing av personalet og føresette. Hjelpa skal hovudsakleg bli gitt i mindre grupper, og bare unntaksvis individuelt.

Spesialpedagogisk team er organisert under opplæring og kultur, og har kontor på rådhuset.