Viktig melding

Lukk meldinga

Slik søker du barnehageplass

Kommunen har felles samordna opptak for alle barnehagane i kommunen, både kommunale og private.

Du søker elektronisk og må registrera ein søknad for kvart barn. Du kan søka tre barnehagar.

Du kan søka plass heile året, men 1. mars er søknadsfristen til hovudopptaket som gjeld plassar frå august. Du vil få ei stadfesting på e-post når me har motteke søknaden din.

Her søker du og svarar på barnehageplass

Tilbod om plass

Me sender ut tilbod om plass til e-postadressen du oppga i søknaden. Klikk på lenka i e-posten for å svara på tilbodet. Hugs at du må logga deg på med MinID eller BankID. 

Frist for å svara er 8 dager. Ved å takka ja til tilbodet, stadfestar du også å ha lese barnehagen sine vedtekter. Viss du ikkkje svarar innan fristen mister du plassen.

Viss barnet ditt har plass frå før, blir denne plassen automatisk sagt opp om du takkar ja til eit nytt tilbod.

Klagerett ved hovudopptak

Du har rett til å klaga og/eller be om ei skriftleg grunngjeving dersom du ikkje får ditt første eller andre ønske oppfylt i hovudopptaket.

Klagen skal vera skriftleg og sendast til Hå kommune.

Opptak og fristar

Det er felles opptak for alle barnehagane i Hå kommune, både dei kommunale og dei private.

Opptaket:

  • Det er eit årleg opptak for barnehagane i Hå kommune. Søknadsfristen for dette er 1. mars.
  • De kan søka om plass heile året. For å få plass frå 15. august må de søka innan fristen for opptaket og oppfylla lovkrava som gjev rett til plass.
  • Svar på om de får barnehageplass i hovudopptaket vert sendt ut elektronisk i slutten av mars.
  • Alle som har søkt og som ikkje får plass vil automatisk stå på venteliste
  • Etter opptaket vil barnehagane  ta inn barn frå ventelista så fort det vert ledige plassar.

Lovfesta rett til barnehageplass i Hå kommune:

  • de må søka innan 1. mars 
  • barnet må bu i Hå kommune ved oppstart i barnehagen
  • barnet må fylla eit år innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplass

Ønsker du om å byte barnehage er du med i hovedopptaket på lik linje med nye søknadar.

Ønsker du endring i tilbodet legg du inn ein ny søknad.

Ønsker du å seie opp plassen, kan du gjere dette i barnehageportalen.