Viktig melding

Lukk meldinga

Vellag i Hå

I Hå kommune er det mange vellag. Dei har mellom anna delansvar for drift og vedlikehald av leikeplassar.

Vellag i Hå kommune kan søka om tilskot til tiltak innen park, nærmiljø, natur og friluftsliv. 

Kven kan søka?
  • Vellag heimehøyrande i Hå kommune kan søka driftstilskot basert på driftsavtale med kommunen, samt investeringstilskot til nærmiljøanlegg og leikeplassutstyr.
  • Vellag som bidrar med vedlikehold, drift eller bygging av aktivitetsanlegg i friområde.
  • Vellaget må vera registrert med eige organisasjonsnummer i Frivillighetsregisteret.
  • Laget må levera godkjent årsmelding og rekneskap før tilskot blir utbetalt.
  • Lag og organisasjonar som tek imot tilskot frå Hå kommune må akseptera fritidskort og ledsagerbevis som grunnlag for betalingsfritak på lagsaktiviteter.
Kor mykje kan ein søka om?
  • Hå kommune gir eit samla årleg tilskot til vellag på kr. 250.000.
  • Tilskotet er fordelt slik: kr.150.000 tilskot til drift og vedlikehald, kr. 100.000 investeringstilskot.
Tilskot til drift og vedlikehald

Tilskotet vert fordelt etter:

  • Talet på leikeplassar og grøntområde vellaget held ved like.
  • Storleik på arealet laget har ansvar for (luking, klipping av plen/hekk).
  • Mengde og omfang av vedlikehald på leikeutstyr.
Investeringstilskot
  • Hå kommune gir 15 prosent investeringstilskot av godkjent kostnadsoverslag, maksimalt kr. 90.000 per anleggseining, til nærmiljøanlegg det kan søkjast spelemiddel til. Vellaget har sjølv plikt og ansvar for å søka spelemiddel etter gjeldande reglar.
  • Hå kommune gir 50 prosent investeringstilskot av godkjent kostnadsoverslag, maksimalt kr. 25.000 per eining, til anlegg og investeringar som fell utanfor spelemiddelordninga (sklier, vipper, klatrehus mv).

Krav:

  • Vellaget må ha skriftleg avtale med Hå kommune, eller annan grunneigar, om rett til bruk av grunn til anlegg det blir søkt tilskot til. Vellaget må sjølv dekka evt. byggesakskostnader.
  • Vellag som får kommunalt investeringstilskot har plikt til drift og vedlikehald av nærmiljøanlegg etter gjeldande reglar i spelemiddelordninga, og i 10 år for anlegg som fell utanfor spelemiddelordninga.
  • Søknad om tilskot må vera godkjent av Hå kommune før bygging av anlegget vert sett i gang.
  • Anlegga må vera godkjende i kommunal handlingsplan for vellag for å ha rett på investeringstilskot.

Mellomfinansiering:

  • Hå kommune kan gi eit samla årleg rentefri lån på 300 000kr til mellomfinansiering av spillemidler.
  • Midlene for mellomfinansiering vil bli tilbakebetalt etter vellaget får tildelt midler av fylkeskommunen, anlegget blir ferdig bygd og regnskap avsluttet.
  • Lånetaker må ha en kausjonist som oppgis ved avtalesignering.

Rapportering:

Ein kort rapport skal sendast innan 31. desember det året du mottok tilskuddet. 

Rapporten skal innehalda:

  • Kort beskriving av kva pengane er brukte til og korleis tiltaket er gjennomført.
  • Kven som har deltatt og samarbeidd om tiltaket.
  • Talet på besøkande/deltakarar.
  • Informasjon om korleis prosjektet/tiltaket blir vidareført.
  • Ein enkel rekneskap som viser inntekter og utgifter.
  • Dugnadsinnsats.

Søknadsfristen er 1. september kvart år.

Søknad om tilskot til vellag skal sendast på eige elektronisk søknadsskjema:

Klikk her for å søka om tilskot