Viktig melding

Lukk meldinga

Lindring- og kreftteam

Lindring- og kreftteam er eit tilbod til deg som er alvorleg og uhelbredeleg sjuk, eller har ein kreftsjukdom. Me gir også oppfølging til deg som er i pakkeforløp heim for pasientar med kreft.

Teamet består av tre sjukepleiarar med vidareutdanning innan palliasjon og kreftsjukepleie. Lindring- og kreftteam jobbar for å støtta deg og pårørande i ein vanskeleg livssituasjon. Me kartlegg behova dine og ønska dine, og kjem fram til eit tenestetilbod i samarbeid med deg og pårørande dine. Lindring- og kreftteam er i staden for, eller eit supplement til heimesjukepleie. 

Kontaktinformasjon:

Stine Olseth

Telefon: 91 00 03 86

Send e-post

Kva kan lindring- og kreftteam hjelpa med?
  • Kartlegga dine/dykkar ynskje og behov
  • Støttesamtalar til pasient og pårørande
  • Gje råd om symptomlindring
  • Gje råd om ernæring og kosthald
  • Avklara kor du kan ringa til ei kvar tid, dersom du har behov for hjelp
  • Finna og informera om kva rettar du/de har
  • Koordinera dei tenestane du/de har behov for
  • Bidra til å oppretthalda kontakt med fastlege, sjukehus og eventuelt andre
  • Praktisk hjelp, stell og pleie etter behov
Korleis får eg kontakt med lindring- og kreftteam?

Du kan sjølv ringe kontaktnummeret, pårørande kan ringe, eller du kan få fastlegen din til å formidla kontakt. 

Kva er lindrande senger på sjukeheimen?

Det er 2 rom som er spesielt tilrettelagde for deg med livstruande sjukdom, og dine pårørande. Lindring- og kreftteam samarbeidar tett med avdelinga på sjukeheimen der desse sengene er. Avdelinga har kvalifisert personal med mykje erfaring.

Sengene vert nytta når du har behov for symptomlindring, avlastning, behandling og inn mot slutten på livet.

Kva hjelp kan ein få dersom ein ynskjer å dø heime?

Pårørande kan få stønad slik at ein kan vera heime med den døyande i inntil 60 dagar (pleiepengar).

Hjelp til medisinske spørsmål, stell og pleie kan du få av lindring- og kreftteam og/eller personal i heimesjukepleien.

Du kan låna praktiske hjelpemiddel som seng, personløftar, dostol og liknande, av kommunen.

Tilsette i lindring- og kreftteam kan også avlasta pårørande i periodar gjennom å vera i heimen over tid.