Viktig melding

Lukk meldinga

Kriminalitetsførebygging (SLT)

I det kriminalitetsførebyggande arbeidet i Hå kommune ønskjer ein å retta hjelpa mot  barn og unge som er  i risikosona for å utvikla ein kriminell åtferd.

Kommunen skal gjennom satsing på samordning av lokale kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT), koordinera all innsats for barn og unge under 20 år. Målet er å få alle til å dra lasset saman, samkjøra ressursane og at barn og unge skal få rett hjelp til rett tid av eit hjelpeapparat på tvers av tenesteområde og faggrupper.

Kva kan du kontakta SLT-koordinatorane om?

SLT-koordinatorane arbeider fyrst og fremst som eit bindeledd mellom ulike tenester og faggrupper. Dei koordinerer og sikrar eit godt samarbeid mellom desse aktørane.

Kontakt SLT-koordinator dersom:

  • Du er usikker på korleis du skal gå fram for å sikra at ditt barn får den hjelpa som trengs dersom barnet står i fare for å utvikla kriminell åtferd.
  • Du treng råd eller rettleiing om kva du kan gjera og kven du skal ta kontakt med når det gjeld førebygging av kriminalitet.

SLT-koordinatorane har kunnskap om og kan tilvisa deg innanfor følgjande  spørsmål:

Hå kommune har utarbeida eigen SLT- handlingsplan (PDF, 750 kB)