Viktig melding

Lukk meldinga

Korleis kan du påverka?

Kommunen er til for deg som innbyggjar, og me ønsker å involvera deg. Du kan til dømes engasjera deg ved å svara på høyringar, koma på kommunestyremøtene, bli med på gjestebod og melda deg som frivillig. Ta kontakt med servicetorget om du har spørsmål eller innspel.

Har du ei sak eller ein idé du vil ta opp?

Du som innbyggjar kan føreslå saker til politikarane i kommunen eller fylkeskommunen. Du kan føreslå ei sak sjølv eller du kan skriva under på ei sak som allereie er føreslått. Alle kan føreslå saker i sin eigen kommune eller fylkeskommune. Du treng ikkje å ha stemmerett eller ha fylt 18 år.

Ein måte å gjera det på, er å bruka tenesta mi sak. Der kan du føreslå ei sak, sjå saker andre har oppretta og samle inn underskrifter. Om saka får underskrifter frå fleire enn to prosent av innbyggjarane i kommunen (300 personar), må kommunen vurdera saka di. 

Her kan du føreslå ei sak.