Viktig melding

Lukk meldinga

Tall Ships Races-fest i Sirevåg i 2023

Bilde av tre blide songarar på kaien i Sirevåg. Foto. - Klikk for stort bileteKulturskulerektor Ragnvald Wernøe (t.v.) har hovudansvar for kulturprogrammet under Tall Ships-festen i Sirevåg, og planlegg mellom anna diverse musikalske sprell i løpet av dagen. Monica Cecilie Høien skal vera konferansier, medan Martin Våland både er teknisk ansvarleg og skal opptre på scenen.

Fredag 21. juli blir det skutefest i Sirevåg i kjend stil!

Tall Ships Races sin vennskapsetappe går i år frå Fredrikstad til Lerwick, med eit stopp i Sirevåg på halvvegen. Fredag 21. juli blir det nok ein gong ein festdag med store seglskuter i Sirevåg. Og arrangementet er gratis for absolutt alle.

Bilde av polsk seglskute. Foto. - Klikk for stort bileteFleire store seglskuter vil legga til kai i Sirevåg. Den største er polske Dar Młodzieży, som er heile 108,81 meter lang.

Program for dagen:

  • 12.00-20.00: Marknadsgata er open, med gilde aktivitetar for små og store, allsong, gratiskonsertar og lokale salsbuer.
  • 12.00-17.00: Barn i juli og Ung i juli. Gratis aktivitetar for barn og unge.
  • 11.00-16.30: Helikopterflyging frå parkeringsplassen ytst på Oddane. 650 kroner per person. 8-10 minutt. Minimum 4 passasjerar per tur, maksimum 5 passasjerar.
  • 19.00: Konsert på fullriggaren «Sørlandet» (billettpris 250 kroner).
  • Bekrefta skuter som kjem: «Christian Radich» (Noreg), «Sørlandet» (Noreg), «Morgenster» (Nederland), «Dar Młodzieży» (Polen), «Capitan Miranda» (Uruguay), «Betty» (Danmark), «Patricia» (Belgia), «Roald Amundsen» (Tyskland), «Westvind af Göteborg» (Sverige), «Alexander von Humboldt II» (Tyskland), «Alba Explorer» (Storbritannia), «Lietuva» (Litauen), «Christiania» (Noreg), «Tara» (Danmark).
    Sjå bilde og les meir om skutene på Tall Ships Races-oversikta til Fredrikstad kommune
Oversiktskart som viser kor du finn dei ulike fasilitetane i Sirevåg. - Klikk for stort bilete

Parkering og offentleg transport:

Gratis parkering
  • Me har to store parkeringsplassar heilt vest i hamna – ein på nordsida og ein på sørsida.
  • Vegen heilt inst i vågen er stengd for trafikk og vert fylt opp med buer og telt, så du må velja den nordre eller søndre avkøyringa til Sirevåg frå fylkesveg 44, alt etter kva parkeringsplass du har tenkt deg til.
Handikap-parkering
  • Me har handikap-parkering ved Måken barnehage.
  • For å koma dit må du ta den søndre avkøyringa (Stormolovegen) frå fylkesveg 44.
Tog
  • Det er veldig mogleg å ta toget til og frå Sirevåg!
  • Det er berre 500 meter å gå frå stasjonen til hamna, med avgangar 1-2 gongar i timen både frå Egersund og Jæren.

Gratiskonsertar på scenen:

12.15: Opning med koret «Den glade sanger»
  • Jofrid Mosland, musikalsk leiar
13.00: Konsert og allsong med lokale songarar
  • «Trubadur Ørjan»
  • Arne Horpestad
  • Ann Elin Bøe Larsen
  • Theodor Kristoffersen-Hellwig
  • Monica Cecilie Høien
14.00: Unge artistar frå Hå
  • «heddah» (Hedda Vigre Njærheim)
  • Maren Marie Christensen-Dreyer
  • Amalie Grinde Pedersen
  • Ingrid L. Vaage
  • «Merrin Landa» (Emil Wøien Wernøe)
15.00: Klassiske svisker
  • Helene Haarr og Solveig Bergersen, song
  • Ragnhild Elisabeth Hoel, piano
16.00: Konsert og allsong med lokale songarar
  • «Grete og Martin»
  • Jarle Obrestad
  • Sylvia Kristoffersen-Hellwig
17.00: Konsert med «Silo og Saft»
19.00: Konsert med «Rita Eriksen trio»

Hå Trekkspillklubb spelar klokka 14.00-15.30 i området ved Jæren kystlag.

Konferansier: Monica Cecilie Høien

«Tall-Ship-bandet»:

  • Birk Andreassen Nes
  • Kjell Gudmestad
  • Rune Særheim
  • Lars Ole Bergersen
  • Ragnvald Wernøe

Sponsorar/støttespelarar

Tusen takk til alle som er med på å gjera dette arrangementet mogleg! Her finn du ei oversikt over alle våre sponsorar og støttespelarar.

Bilde av hovudkomiteen for arrangementet i Sirevåg. Foto. - Klikk for stort bileteHovudkomiteen er klare for storinnrykk i Sirevåg fredag 21. juli.

NB! Du kan trykka «Deltek» eller «Interessert» på Facebook-arrangementet Skutefest i Sirevåg 2023, så får du fortløpande oppdateringar der.