Viktig melding

Lukk meldinga

Omsetningsoppgåve og løyvegebyr

Alle som har sals- eller skjenkeløyve må kvart år betala eit gebyr til kommunen. Fristen for å levera omsetningsoppgåva er 15. mai.

Korleis levera omsetningsoppgåva?

Styreleiar eller dagleg leiar i selskapet fyller ut og sender inn eit digitalt skjema. Personar med fullmakt kan også senda inn skjemaet. Dersom du har fleire løyve, må du senda inn eitt skjema for kvar sals- eller skjenkestad. Opplysningane om omsetninga bør vera stadfesta av revisor.

Her kan du levera omsetningsoppgåva.

 
Kor stort vert løyvegebyret?

Gebyr for faste skjenke- eller salsløyve

Gebyr for faste skjenke- eller salsløyve
Minimumsgebyr 2024 Salsløyve Skjenkeløyve
kr 1960,- kr 6100,-
Pr vareliter selt alkohol
Alkohol gruppe 1 kr 0,24 kr 0,57
Alkohol gruppe 2 kr 0,69 kr 1,49
Alkohol gruppe 3 kr 4,92

 

Størrelsen på løyvegebyret er avhengig av kor mykje alkohol staden selde året før. 

Faktura

Kommunen sender ut faktura når omsetningsoppgåva er motteken.