Viktig melding

Lukk meldinga

Reguleringsplanar

Gjeldande planar og pågåande planarbeid

Kan sjåast i kartportalen Geoinnsyn. Her kan du søke opp eigedomar etter adresse eller gardsnr./bruksnr. 

Kunngjeringar

Varsel om oppstart av planarbeid, høyring av planforslag og kunngjering av vedtekne planar blir lag ut på heimesida under kunngjeringar og høyringar.

Politisk behandling

Reguleringsplaner blir behandla av Utval for Samfunn, før sluttbehandling i Kommunestyret. I møtekalenderen til Hå kommune er alle politiske saker sidan august 2010 lagt ut. Saker til komande møter blir lagt ut i møtekalenderen om lag 1 veke før møtedato.

Snakk med ein planleggjar

Du kan bestille time hos planleggjar på bookingsida til Hå kommune.

Saksgang ved regulering 

Ein detaljreguleringsplan blir utarbeida over lengre tid, med lovpålagd politisk behandling, og mogelegheit til å koma med merknader og innspel. Sjå dokumentet saksgang ved regulering. (PDF, 154 kB)

 

Oppstartsmøte

Det er obligatorisk med eit oppstartsmøte før ein kan starta arbeidet med private reguleringsplanar. Du kan bestille oppstartsmøte ved å sende mail til teknisk@ha.kommune.no. I god tid i forkant av møtet skal dei som skal utarbeide planen sende inn planitiativ, etter revidert forskrift om behandling av private reguleringsplaner.

Malar for varselbrev, planomtale, føresegner og sjekkliste ROS blir utlevert etter møtet. Ein vil og få tilsendt startpakka. Adresseliste for kven som må varslast blir lagt med i eposten. I møtet avklaras omfanget av planarbeidet.  

Startpakke

Etter oppstartsmøte vil du få tilsendt kommunens startpakke. Startpakken er utarbeida for å informera tiltakshavar om kommunens krav til planforslaget. Denne inneheld mellom anna døme på varslingstekst og malar for ROS-analyse, føresegner, rammer for utbyggingsavtalar og sjekkliste for å setje opp reguleringsplanar.

Bestilling av kartdata

Du kan bestille kartdata til planområdet ved å kontakta kommunen på mail teknisk@ha.kommune.no.

Hugs å send med ei avgrensing av ønska kartdata og fakturaadresse.