Viktig melding

Lukk meldinga

Stader som er verd å sjå

Obrestad hamn

med tusenårsplassen er eit freda hamneanlegg med aktivt kystfiske- og småbåtmiljø. Kommunen sin tusenårsplass ligg på høgda oppfor hamna. Følg diktarstien til toppen og nyt utsikten. I hamna finn du skulptur i landskap "Konvoy" av Lisabeth Jarstø.

Kongevegen 

Langs Jærkysten kan du følgja tråkk etter folk og fe gjennom mange tusen år. Spor av den forhistoriske holvegen og den historiske Kongevegen frå 1600-tallet følgjer delvis turstien som har fått namnet "Kongevegen", som går frå Nærland til Sirevåg. Fleire av dei gamle spora er framleis synlege. Strandsonen med Kongevegen er svært rik på kulturminne og heile området er landskapsvernområde. Frå Hå gamle prestegard til Kvassheim er turstien merka som kystveg med blå staker. Mange startar med strekninga Hå gamle prestegard-Varhaug gamle kyrkjegard. 14 turstrekningar med kart finn du i Kongevegen i Hå. Turhåndbok av Hanne Thomsen (Hå kommune, 2005), som er digitalisert av Nasjonalbiblioteket.  Boka er framleis til sals på Hå gamle prestegard og på Hå rådhus.

Jærmuseet/ Grødalandstunet

Den gamle graden Grødalandstunet. Foto. - Klikk for stort bilete

Gammal jærsk gard nær sjøen som inneheld to tun med tilhøyrande bygningar frå 1700- og 1800-talet. Bygningane viser  koss folk på sjøgardane levde kring midten av 1800-talet eller tidleg på 1900-talet. Grødalandstunet er eit fint utgangspunkt for turar langs den historiske «Kongevegen» frå 1600-tallet langs strandsonen. 

Kvernhusa på Fuglestad

Komplett kvernhusanlegg med tre kvernhus og ei korntørke som høyrde til gardane på Fuglestad.  Anlegget er reist ca. 1850.  Dei hadde leigemalingskontrakt med Statens Kornforretning.  Kontrakten vart sagt opp i 1953.  Bygningane vart gjevne over til Dalane Folkemuseum i 1956 som og er ansvarleg for vedlikehaldet. Ta av frå fylkesveg 44 mot Brusali.  Parker på parkeringsplass der vegen tek av til Herredsvela.  Sti vidare ca 100m.  Ope heile året.  Vær vennleg og vis respekt for kulturminnet.

Krigsminnevandring i Hå kommune

Last ned brosjyren Krigsminnevandring i Hå 

Hitlertennene

Store, spisse steinar som står rett opp i terrenget. Foto. - Klikk for stort bilete

Under siste krig anla tyskerane eit  festningsverk for å hinda alliert landgang på Brusand. Festningsverket består av steinar og støypte betongklossar. Eit godt kjennemerke når du kjører fylkesveg 44 ved Brusand.

Vedafjell

På fjellet finn ein tysk kystartillerianlegg som var ein del av forsvaret av Jæren under krigen. Fleire lange tunellar. Ta med lommelykt  Ta av fylkesveg 44 sør for Sirevåg (merka med krigsminner). Parkeringsplass og sti opp til Vedafjell.

Strandgravfeltet på Hå

ligg på rullesteinstranda ved prestegarden
Langs kysten på Jæren finn ein kring 800 gravrøyser. Strandgravfeltet med 64 gravrøyser ligg nord for løa nærast sjøen. Gravene er frå eldre romartid (ca. 1-150 e.Kr.) til vikingtid (ca. 800-1500 e.Kr.). I 2013 blei det funne spor etter det som kan ha vore ein handelsplass frå vikingtida på området.

Hanabergmarka

Landskapsvernområde rundt Jærmuseet. Kulturminne- og friluftsområde på Kvia og Audamotland. Informasjonstavler. Parkering: ved Jærmuseet. Kort veg til jernbane.

Mellomalderkyrkjegardane i Hå

Varhaug gamle kyrkjegard

Varhaug gamle kyrkjegard blir rekna som ein av dei vakraste kyrkjegardane i landet. Eldste omtale av ei kyrkje på Varhaug søndre er i 1328. Fleire kyrkjer har stått på kyrkjegarden. I 1951 vart Varhaug kapell bygd. I kapellet heng mellom anna ei gammel kyrkjeklokke frå 1791 og ein kopi av skulpturen "Sapienta" (Visdom), datert 1650-1720. I følge Stavanger museum skal originalskulpturen vera kommen frå ei kyrkje som stod på Varhaug  gamle kyrkjegard tidlegare.  
 

På kyrkjegarden er det reist eit monument over ni russiske sjøfolk som dreiv i land på Årsland etter det russiske orlogskipet "Ingermanland" som forliste utanfor Jæren i 1842. Båten dei dreiv inn med står utstilt i et egen museumsbygg ved Kvassheim fyr. 

Det er mykje som tyder på at kyrkja vart bygd på ein gamal heidensk kultstad. Skilta frå RV44.

Kyrkjegarden på Njærheim

Den gamle kyrkjestaden og gravplassen på Njærheim har vore gravplass frå før historisk tid. På Njærheim kyrkjegard står det ein gammal steinkross.

Ta av frå fylkesveg 44 ved Njærheim og følg vegen fram til kyrkjegarden.

Kyrkjegarden på Bø

Kyrkjegarden på Bø er det lite att av.  Kyrkjeporten og steingarden rundt viser omrisset, og nokre få steinar frå grunnmuren ligg att. 

Ogna kyrkje

Ogna-kyrkja er den eldste bygningen i Hå og mellom dei eldste i landet som framleis er i bruk som soknekyrkje.  Dette gjeld den gamle delen som er bygt inn i den nye kyrkja.

 Les om Hå gamle prestegard, Vitengarden, Grødaland og fleire andre opplevingar her

Kart