Viktig melding

Lukk meldinga

Solcellepanel

Solcellepanel som skal monterast på eksisterande bygningar er i utgangspunktet vurdert til å vere ei søknadspliktig fasadeendring i Hå kommune.

I møte i utval for tekniske saker og næring 27.10.2022 i sak 096/22 blei det gitt enklare retningslinjer for fritak for solcellepanel frå søknadsplikt.

Dette inneber at du som innbyggar sender inn skriftleg førespurnad til om fritak frå søknadsplikt for solcellepanel på din eigedom. Du må opplysa kva eigedom det gjeld og kva bygg du ønsker å plassera anlegget på. Då vil du få svar på om det blir friteke søknadsplikt eller om du må søka.

Førespurnaden kan sendes inn via eDialog eller på e-post teknisk@ha.kommune.no

Frittståande anlegg er alltid søknadspliktige.

Slik sender du inn ein byggesøknad