Viktig melding

Lukk meldinga

Fosterheim

Har de plass til ein til i familien?

Fosterbarn er som alle andre barn. Dei treng vaksne som kan gje dei ein trygg heim, omsorg og kjærleik.

Ta kontakt med barneverntenesta om de vil verta fosterheim.

Kva må til for å verta fosterheim?

For å verta fosterheim må du/de ha:

  • God vandel og leggja fram uttømande og utvida politiattest.
  • Interesse og overskot til å gje eit barn ein trygg og god heim.
  • Stabil livssituasjon.
  • Alminneleg god helse.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Økonomi, bustad og sosialt nettverk som gjev barn rom til å utfalda seg i livet.

Alle som skal bli fosterforeldre må gjennomføra SOLID kurs.

Trykk her for informasjon om SOLID kurs.

Er alder viktig for å verta fosterforeldre?

Det er viktig at alderen til fosterforeldre er tilpassa barnet/barna sin alder. Grunnen til dette er viktig er at fosterbarn treng fosterforeldre som har tid og overskot.

 

Alder treng ikkje utelukka at det er mogleg å verta fosterforeldre.

Kan einslege verta fosterforeldre?

Ja, einslege kan verta fosterforeldre.

Om du er den einaste vaksne i familien bør du ha eit godt nettverk rundt deg.

Kva gjer me for å verta fosterforeldre?

Ta kontakt med kommunen så hjelp me deg/dykk å verta fosterforeldre.

Opningstider

07.45 - 15.15

Kontakt

Therese G. Haugstad
Leder
Mobil: 45219038

Kartpunkt