FamiliesenteretHer finn du henvendelsesskjema (PDF, 460 kB)Familiesenteret er eit tilbod for alle familiar med barn i alderen 0 - 18 år. Det er låg terskel for å få hjelp av Familiesenteret.Her kan du få støtte og rettleiing i foreldrerolla og snakka med fagpersonar. Me gir råd og rettleiing til foreldre som i periodar kan oppleve usikkerhet rundt eigen rolle som oppdragar og/eller er bekymra for sine barn.Me tilbyr og samtalar til barn og ungdom som har utfordringar eller psykiske helseplagar som dei treng hjelp til å meistra. For barn i alderen 0-13 år blir det vurdert om individuelle samtaler er det riktige tilbodet, eller om rettleiing til deira omsorgspersonar er meir tenleg.For å få hjelp av oss tek du direkte kontakt, eller brukar henvendelsesskjemaet her (PDF, 460 kB). Dette kan barnet/den unge eller foreldra gjera sjølv. Om du samtykker til det, kan og andre ta kontakt med oss for deg. Kontaktinfo Ring oss på telefon 415 32 796Postadresse: Rådhusgata 84360 VarhaugBesøksadresse: Jadarvegen 274365 Nærbø Tenester Du kan mellom anna ta kontakt om: utfordringar og høgt konfliktnivå i familien samspel eller vanskar mellom foreldre og barn/ungdom psykiske vanskar eller psykisk sjukdom kriser, sjukdom, sorg og belastningar i livet Me tilbyr: Individuell rettleiing til foreldre Individuelle samtalar til barn og ungdom Gruppetilbod til både barn, ungdom og foreldre Foreldrekurs, til dømes COS P-kurs (PDF, 300 kB) Om oss På Familiesenteret jobbar eit tverrfagleg team av helse- og sosialfaglig utdanna, med vidareutdanningar innan psykisk helse og familieretta arbeid. Me opprettar journal til alle som får hjelp. Målet med journalen er å sikra at du får fagleg forsvarleg oppfylging og at me held dokumentasjonsplikta. Foreldre og føresette har som hovudregel innsyn i opplysningar som handlar om barnet deira. Om du ønsker det kan me samarbeida med: helsestasjonen barnevernstenesta psykisk helse og rusvern PPT og skulane/barnehagane Oppfølgingstenesta BUP (Barne og ungdomspsykiatrisk) - Bryne Betaling Tenesta er gratis Sist endra 26.01.2024 11.48