Viktig melding

Lukk meldinga

Gebyr for feiing og branntilsyn

Gebyr for branntilsyn og feiing inngår i dei kommunale avgiftene. I Hå kommune kjem feiraren heim til deg og feiar minst kvart tredje år. Feiaren kjem også på tilsyn av fyringsanlegget ditt minst kvart fjerde år. Du betalar eit årleg gebyr for feiing og branntilsyn sjølv om du ikkje har besøk av feiaren kvart år.

I 2016 kom det ei ny nasjonal brannforebyggande forskrift. Kommunen er nå pålagt å feia og føra tilsyn med fritidsbustadar på lik linje som med bustadar. Du blir fakturert for denne tenesta på faktura for kommunale eigedomsgebyr.

Gebyr: Feiing og branntilsyn
Kommunal avgift Pris per år
Feiing og branntilsyn 473 kroner
Kun branntilsyn 142 kroner