Viktig melding

Lukk meldinga

Omsorgsbustad

Her finn du søknadsskjema for omsorgsbustad

Om du har helseutfordringar som gjer at du treng eit tilrettelagt butilbod, kan du søka om omsorgsbolig. Det kan vere på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetjing. I kommunen finst ulike typar bustader, der fleire har fast tilknytta bemanning og nokre har tilgang på helsehjelp fleire gangar i døgnet. Omsorgsbustadene kan bidra til auka tryggleik, sosial kontakt med andre, betra meistringsevne og livskvalitet. Bustadane er reserverte for personar med særleg behov for hjelp som ikkje kan, eller meistrar å bu i vanlege bustader.

Ulike typar bustader

Kommunen har ulike typar omsorgsbustader som er tilpassa ulike hjelpebehov. Etter at du har søkt vil me ta kontakt med deg for å kartlegga dine behov og ditt funksjonsnivå. På bakgrunn av det vil me gjera ei heilskapsvurdering om kva bustad som er best egna.

Betaling

Du må betala husleige etter gjeldande satsar som kommunestyret fastset. I tillegg kjem straum, renovasjon og andre utgifter som normalt fell inn under ei husholdning.