Viktig melding

Lukk meldinga

Samarbeidspartnarar og næringsstønad

Hå kommune samarbeider med ulike partnarar og organisasjonar for å legga til rette for næringslivet i kommunen og regionen.

Saman med eit aktivt næringsliv i kommunen ønsker me å bidra til at det skal vera lett å driva og å starta ny verksemd i Hå kommune. Kommunen samarbeider med fleire aktørar innanfor næringsutvikling som kan hjelpa bedrifter og etablerarar i ulike samanhengar.

Du finn lenker til fleire relevante nettsider under «Eksterne lenker».

Skape – kompetanse og rettleiing for deg som vil starta eiga bedrift

Skape er eit partnarskap mellom alle kommunane i Rogaland, landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland fylkeskommune. Fylkeskommunen er også administrativt ansvarleg. Målet er mellom anna å gi motivasjon og tryggleik for etablerarar i fylket, samt å kopla nyskapande idear med lokalt næringsliv og lokale investorar.

Gjennom Skape kan du delta på etablerarkurs, temakveldar og få individuell rettleiing. Om du bur i Hå, har du rett på tre timar gratis rådgiving i året.

Fleire av Skape-kursa går som gratis webinar. Sjå kurskalenderen til Skape for program og meir informasjon.