3.1 Trygt og inkluderande barnehagemiljø
Alle barn skal oppleve å høyre til og vere ein del av fellesskapet i barnehagen. Personalet kan gjere ein forskjell ved å støtte barn i å etablere gode relasjonar og vennskap. Dei må arbeide førebyggande med å fremme faktorar som gjer eit positivt barnehagemiljø for barna. For å stoppe negative handlingar er det ein føresetnad at personalet er aktivt tilstades for å hindre negativ og ekskluderande åtferd.
Prosessmål:
- Kompetanse på å skape trygge og inkluderande barnehagemiljø
- Gje alle barn oppleving av å høyre til i fellesskapet
- Kompetanse på å støtte barn si leik, læring og utforsking
3.2 Inkluderande barnehage- og skulemiljø
I Rammeplanen for barnehagen står det tydlege krav til at personalet skal førebyggja, stoppa og følgja opp mobbing og andre krenkelsar. I tillegg legg rammeplanen vekt på at barnehagen skal vera ein inkluderande arena der alle barn skal oppleva tryggheit, tilhørigheit og trivsel. For å arbeida med dette er det viktig at personalet har kunnskap, kompetanse og ressursar til både å arbeida forebyggande, gripa inn og stoppa negative hendingar.
I januar 2021 kom ei endring i barnehagelova; Barnehagen skal sørge for at barna har det trygt og godt. Denne endringa inneber at personalet i barnehagen skal observera, melda i frå, og setja i gang tiltak og oppfølging dersom eit barn opplever å ikkje ha det godt i barnehagen. Ei bekymring om at barn ikkje har det trygt i barnehagen kan koma frå foreldre eller frå personalet sine observasjonar. Vi er derfor avhengige at ein open dialog og eit godt samarbeid med foreldre/ føresette.