6.1 Samarbeid internt i barnehagen
Vi har fokus på at Stokkalandsmarka barnehage er ein barnehage, der vi ynskjer at personalet skal kjenne til alle barn. Når vi er ute leikar vi på tvers av avdelingane og når vi er inne åpnes det opp for besøk til andre avdelingar. Dette gjer vi for å skape gode relasjonar mellom barna og vaksne på andre avdelingar.
6.2 Samarbeid med eksterne instansar
Vi samarbeider med ulike instansar internt i Hå kommune. Instansane deltek på ressurs møte i barnehagen 3-4 gonger i året.
- PPT, pedagogisk psykologisk teneste. Kontaktperson vår er Renate Kydland. Ho gir oss rettleiing i høve til barn som er meldt opp til PPT.
- Barneverntenesta. Kontaktperson vår er Heidi Gudmestad Strand. Hjå henne kan vi få råd dersom det er noko vi lurer på.
- Helsesjukepleiar. Kontaktperson Monica Aanestad.
- Spesialpedagogisk team. Kontaktperson vår er Torhild Skårland. Ho er i barnehagen ein dag i veka. Ho arbeider individuelt med oppfølging og gjer råd og veiledning til personalet .
- Familiesenteret i Hå kommune tar seg av foreldreveiledning, samtaler og kurs. Dei held til på Nærbø. Barnehagen kan gje anbefaling til foreldre om å ta kontakt med familiesenteret, men foreldre må sjølv ta kontakt.
- Tenesteområdet oppvekst. Der samarbeidar vi med fleire om både pedagogiske- og praktiske spørsmål.
- Vi er praksisbarnehage for barnehagelærarstudentar ved Universitet i Stavanger. Vi har ein veileder i barnehagen og det er i år satt opp 4 praksisperiodar for studentar i barnehagen.