Årsplan Stokkalandsmarka barnehage

1 Innleiing

Barnehagen sitt samfunnsmandat er i samarbeid og forståelse med heimen, ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Rammeplanen 2017 . side 7

1.1 Kven er vi?

Stokkalandsmarka barnehage ligg i Stokkalandsmarka på Vigrestad , og er ein kommunal barnehage. 
Avdelingane har ulike aldersinndelingar. Nokre er aldersblanda, mens andre er aldersreine. Dette varierer frå år til år, ut frå ulike forutsetningar og behov. 

Vi har fokus på opplevingar, undring og meistring i naturen og er derfor mykje ute på tur. 

 Barnehagen ligg nært Haugstadskogen kor barnehagen har eige område med hytte som brukast aktivt. I tillegg bruker vi leikeplassar, grillhytte, ballbinge og gapahauk. Vi har to elsykkler som frakter 6 barn fremme i kassen. Barnehagen har fleire spesialrom : gym, sanse, forming og vann rom. 

1.2 Visjon

Saman sett me spor

Saman sett me spor er vår visjon – i ein barnehagekvardag sett dei vaksne og borna spor i lag, nokre gonger etter kvarandre og nokre gonger ved sida av kvarandre. Vaksne og born går saman gjennom barnehagekvardagen og me ønskjer at alle skal oppleva å setja gode spor i kvarandres liv. 
Barn som kjem til oss kan me samanlikna med eit tre som slår røter mot jorda. Treet treng mykje vatn og gjødsel for å utvikla gode sunne røter i gode vekstvilkår. Likt er det med barnet - dei skal ha sunne og sterke røter som gjer dei klare for å møta livet. Dei vaksne i barnehagen må vatna og gjødsla barnas røter  for å gjera dei klare til å møta live solid forankra.  
Spora barnehagen gjer barnet vil følgje dei resten av livet - me arbeider for å setja gode spor, gjera barna sjølvstendige og gje dei tru på seg sjølve for å gjera dei robuste og klar til å møta verden. 

Våre verdiar: Trygghet, tolmodighet og inkludering

Vi arbeider for at barna skal oppleva glede, trygghet og trivsel saman med andre barn i kvardagsaktivitetar, leik og læring. Barn i barnehagealder er sosiale aktørar som sjølv medverkar til eiga og andre si læring og trivsel.

Vi arbeider for at alle skal få oppleva kva det vil seia å ha venner, kva det vil seia å vera ein venn og korleis vi opptrer overfor venner.

Å samhandla med andre og å få venner er noko av det viktigaste vi kan læra barna i barnehagen. Vi veit at det er mykje læring i samspelet med andre. Difor har dei vaksne stort fokus på arbeid med relasjonar og vennskap i barnehagen.

Personalet skal vera merksame på at måten dei opptrer på kan påverka barn si utvikling. Vaksne som er medvitne på sin måte å vera på, vil vera gode rollemodellar for barn og på den måten kan vera med på å hindra mobbing. Personalet skal være tolmodige og lydhøyre i møte med barn.

Barnehagen er ein sentral arena for utvikling av språk, kultur og identitet. Språket er ein føresetnad for utvikling av vennskap og deltaking i fellesskapet. Barn si språkutvikling heng nøye saman med kvaliteten av det språkmiljøet dei er ein del av. Eit rikt språkmiljø byggjer på  kompetente vaksne som forstår barna sine ulike utrykksmønster, som kan gje støtte og utfordre barna til vidare utvikling. (Kvalitetsplanen for barnehagar i Hå 2021-2024).

Vi arbeidar for at personalet er bevisste på å bruka språket aktivt slik at barna møter eit  rikt språk. Det gjer at barna tileignar barnet seg nye språklege ferdigheter og utviklar sin egen språkkompetanse. Personalet skal lytte og observere barnas leik for å fange opp kva som rører seg i barnegruppa. Dei tilpassar språket til kvart enkelt barn.

Barnehagen arbeider med ASK (alternativ supplerande kommunikasjon) på alle avdelingar. Dette er en del av språkmiljøet i barnehagen.

1.3 Kosthald og helse

Barnehagen har personal på kjøkkenet som lagar mat. Mat som blir servert i barnehagen er i tråd med helsedirektoratet sine retningslinjer.  Vi har fokus på eit sunt kosthald og vektlegg norsk husmannskost.

Vi har tre fellesmåltid i barnehagen

  • Frukost. 3 gonger i veka vert det servert grøt
  • Lunsj/skivemåltid. Ein dag i veka er vert det servert middag
  • To-måltidet. Skive, knekkebrød og frukt

Barna får tilbod om frukt og grønt kvar dag. Vi legg vekt på at barna skal få god tid til å ete, og at vi vaksne er gode rollemodellar og legg til rette for samtale rundt måltidet.

1.4 Språkutviklande arbeid i barnehagen

Barnehagen har ein barnehagelærer som skal arbeide med språkutviklande arbeid i barnehagen. Me arbeider med ASK og vil ta TRAS på alle 2.åringar med godkjenning av foreldre barnehageåret 24-25. Dette arbeidet vil me følge opp og arbeida vidare med på alle avdelingar.   

I Hå barnehagane arbeidar me med ASK som er Alternativ og supplerande kommunikasjon. Det er å kommunisere ansikt til ansikt på andre måtar enn med tale, samtidig som ein bruker tegn, ord og munnlig språk.

ASK kan vere:

  • ei erstatning for tale
  • støtte til å utvikle tale
  • eit supplement til låg eller utydeleg tale

ASK er barnet sitt språk, og deira måte å uttrykkje seg på. Det er ulike årsaker til at barna har behov for ASK. Kva kommunikative, språklege, motoriske og kognitive ferdigheiter dei har, varierer veldig. Av erfaring ser me at dette er ein god støtte i det språkutviklande arbeid sjå alle barn, då spesielt barn som ikkje har eit utvikla verbalt språk. Me tenker at det er eit universalt språk som gjer det mulig å kommunisere sjølv om barna er komne ulikt i språkutviklinga.

TRAS er et observasjonsmateriale som består av eit skjema som har åtte områder. Områda er samspel, kommunikasjon, oppmerksomheit, språkforståelse, språkleg bevissthet og produksjon knytta til lyd-, ord- og setningsnivå. Observasjonsskjemaet gjer eit visuelt bilde av barns språk- og samspellsferdigheit, oppgåvene er aldersrelaterte og gjer ein peikepinn om kva ein kan forvente ut fra barnets alder.

Målsettingen med TRAS er å formidle betydningen av tidleg innsats, auke kunnskap om barns språkutvikling, samt bidra til at barn som strever med sin språktilegnelse får hjelp på eit tidleg stadiet i utviklinga.

Me opplever at ved å bruk av TRAS kan me heve kvaliteten på språkarbeidet i barnehagen da me får eit overblikk over kva som må arbeidas med. Me ynskjer å fange opp og forebygge evt språkutfordringar på eit tidleg stadiet, slik at me kan sette inn tett oppfølging på avdelingane i barnehageløpet.

Me håper at alle velger å skrive under på at med utfører kartlegginga, men det er sjølvsagt lov å reservere seg frå det.