Årsplan Stokkalandsmarka barnehage
2 Barnehagen sitt verdigrunnlag
Verdigrunnlaget til barnehagen skal formidlast, praktiserast og opplevast i alle delar av det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Barndommen har ein eigenverdi, og barnehagen skal ha ei heilskapleg tilnærming til barna si utvikling.
Samfunnsmandatet til barnehagen er, i samarbeid og forståing med heimen, å vareta barna sitt behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for ei allsidig utvikling. Leik, omsorg, læring og danning skal sjåast i samanheng. (rammeplan side 7)
2.1 Barnehagen skal ta vare på barna sitt behov for omsorg
Barna i Stokkalandsmarka skal oppleva å få god omsorg kvar dag. God omsorg inneberer at dei vaksne er bevisste og har kunnskap om tryggheit, tilknyting, omsorg og barn si utvikling.
Barnehagen har fokus på:
- Barns beste.
- Cos- sirkelen.
- Overgangsobjekt, som kan vera tytt, koseklut, bamse og anna, hjelper barna å halda på det indre bilde av familien sin mens dei er i barnehagen. Dette er med på å skapa tryggheit hos barna og difor er overgangsobjekta tilgjengelege i barnehagen så lenge barna treng det.
- Barna får primærkontakt når dei startar i barnehagen. Primærkontakten arbeidar for å etablera ein god relasjon og skapa trygge rammer rundt barnet. Det er heilt nødvendig for å ivareta barnas psykiske og fysiske tryggheit. Primærkontakten skal sørgje for at kvar enkelt barn får både fysisk og emosjonell omsorg.
- Barnehagen skal tilby barna eit godt miljø prega av humor, kreativitet og omtanke for fellesskapet. Det ligg mykje omsorg i å gje barn varierte utfordringar og rom for meiningsfulle aktivitetar. Å gje barn moglegheit til å gje og ta imot omsorg, er eit viktig grunnlag for utvikling av sosial kompetanse og er med på å bidra til ei livslang læring.
2.2 Barnehagen skal ta vare på barna sitt behov for leik
Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling.
Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og saman med andre (Rammeplanen s. 20)
I Stokkalandsmarka barnehage skal me vaksne:
- Legge til rette for god tid til leik
- Bidra til at alle barn vert inkludert i leik
- Legge til rette for eit variert og inspirerande leikemiljø
- Felles temaarbeid som gir utgangspunkt til lik lekereferanser
- Vera tydelege som rollemodellar, og tilføre nye leke impulsar
- Arbeide i smågrupper, støtte og hjelpe det enkelte barn i leiken
2.3 Barnehagen skal fremme danning
Barnehagen skal fremje samhald og solidaritet samtidig som individuelle uttrykk og handlingar skal verdsetjast og følgjast opp. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå felles verdiar og normer som er viktige for fellesskapet. Barnehagen skal bidra til å fremje tilhøyrsla til samfunnet, naturen og kulturen. (Rammeplanen s. 21)
I Stokkalandsmarka barnehage skal me vaksne:
- Rusta barna til å stå i motgang og ubehag, robuste barn
- Være med å styrke barnas sjølvbilete
- Legge til rette for samhandling mellom barna, der dei får oppleva at dei er eit verdifullt medlem av fellesskapet
- Synleggjera mangfaldet me har i barnehagen, og korleis det kan vera kjelde til positive opplevingar, utforsking og læring
- Støtta barna i å uttrykke eigne meiningar, samt å syna respekt og omtanke for andre
2.4 Barnehagen skal fremme læring
I barnehagen skal barna oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre. Barnehagen skal introdusere nye situasjonar, tema, fenomen, materiale og reiskapar som bidreg til meiningsfull samhandling. Barnehagen skal bidra til læringsfellesskap der barna skal få bidra i egen og andres læring.» (Rammeplanen s. 22)
I Stokkalandsmarka barnehage skal me vaksne:
- Legge til rette for barns medverkning i kvardagen
- Leggja til rette for at barn skal læra gjennom sansane
- Undre seg saman med barna
- Leggja til rette for at barna skal oppleva meistring og utvikling gjennom støtte og utfordring. ( CO S-sirkelen)