Årsplan Stokkalandsmarka barnehage

4 Medverknad

4.1 Barn

Barnehagen skal vere bevisst på dei ulike uttrykksformene til barna og leggje til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alderen, erfaringane, dei individuelle føresetnadene og behova til barna. Også dei yngste barna og barn som kommuniserer på andre måtar enn gjennom tale, har rett til å gi uttrykk for kva dei synest om sine eigne vilkår. Barnehagen må observere og følgje opp dei ulike uttrykka og behova til alle barn. (Rammeplan s. 27)

  • Medverknad vil vera avheng av barna sin alder, funksjonsnivå og bakgrunn
  • Dei vaksne må høyre og tolke kroppsspråket samt vera observant på handlingane, det estetiske uttrykket og etter kvart det verbale språket
  • Barna må oppmuntrast aktivt til å gje uttrykk for sine tankar og meiningar og verta møtt med anerkjenning for sine uttrykk
  • Dette krev vaksne som leitar, finn og fangar barn sine interesser og meiningar for å leggja best mogleg til rette for medverknad.

4.2 Foreldresamarbeid

« Samarbeid mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnets beste som mål». (R- planen 2017 s. 29)

Barnehagen er oppteken av eit godt foreldresamarbeid, og ynskjer at samarbeidet skal byggja på tillit og god kommunikasjon.

  • Vi ynskjer tid til dagleg kontakt med foreldre/føresette når barna vert levert og henta. Av og til er det ikkje rom for ein lang samtale i denne tida. Då er det fint om de gir oss eit lite «vink», så finn me ei tid som det passer for samtale.
  • Barnehage-appen Visma barnehage blir brukt til å informera om endringar eller aktivitetar i barnehagen. Her får de og påminning om planleggingsdagar, fristar for innlevering av feriar og liknande. Vi legg og ut dags- og vekes rapportar, samt månadsskriv frå barnehagen i appen. Foreldre og personale kan skriva meldingar og beskjedar i appen. Det er ei gjensidig forventing om at alle partar held seg oppdatert.
  • Det vert gitt tilbod om to foreldresamtalar. Dette med pedagogisk leiar, i løpet av året. Har ein behov for meir, kan ein be om det.
  • Det er felles foreldremøte inntil to gonger pr.år.

Meir formelle fora for foreldresamarbeid er FAU, foreldrearbeidsutvalet, og SU, samarbeidsutvalet. Informasjon om kven som sitt i dei ulike utvala ligg på barnehagens heimeside og vert hengt opp på avdelingane etter første foreldremøte på hausten.