Årsplan Stokkalandsmarka barnehage

5 Overgangar

5.1 Nå barn begynner i barnehagen

Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutinar og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og knyte seg til personalet og til andre barn. (Rammeplanen s. 33)

  • Foreldremøte kort tid etter opptak
  • Individuell besøksdag i april/mai
  • Besøksdagar og open barnehage fra midten av mai til slutten av juni
  • Minimum 5 dagar tilvenning fra 15 august
  • Oppstartsamtale i løpet av de fyrste vekene

5.2 Overgang innad i barnehagen

  • Dei minste, 1- og 2-åringane, skal så langt det let seg gjera, vera i same gruppe og i same areal dei to fyrste åra i barnehagen. Dei har avdeling i 1. etasje.
  • 3-åringar som bytter avdeling, brukar vi våren til å gå på besøk til nye avdelingar. Då er personale som dei kjenner med på besøket. Kor lenge og kor mange besøk det vert kvart år, er eit samarbeid mellom dei som har barna og dei som skal ta imot barna. Så langt det let seg gjera følgjer ein frå personalet opp på ny avdeling, frå nytt barnehageår.
  • Dersom foreldre ynskjer det, kan dei få samtale med den nye pedagogiske leiaren som skal overta barnet ved overgang til ny gruppe.
  • Pedagogar på huset, som skal overta barn frå andre avdelingar, har samtale angåande overflyttinga.

5.3 Overgang barnehage-skule

Vi samarbeidar med Vigrestad barnehage og Vigrestad skule for å få til ein best mogleg overgang til skulen.

  • Det blir 4/5 besøk på skulen i løpet av våren. Der barna får bli kjent på tvers av barnehagane, med lærarar og bli litt kjent med skulen. Lærarane frå Vigrestad skule kjem på besøk i barnehagen før første skuleklubb.
  • Barn som soknar til andre skular enn Vigrestad skule, og barn som ikkje har dag i barnehagen når det vert arrangert skuleklubb, må fyljast av foreldre/ føresette.

I Hå kommune er det utarbeida ein felles plan for samanheng mellom barnehage og skule. Planen, Frå barnehagebarn til skuleelev, er under revidering.