5.1 Nå barn begynner i barnehagen
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutinar og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og knyte seg til personalet og til andre barn. (Rammeplanen s. 33)
- Foreldremøte kort tid etter opptak
- Individuell besøksdag i april/mai
- Besøksdagar og open barnehage fra midten av mai til slutten av juni
- Minimum 5 dagar tilvenning fra 15 august
- Oppstartsamtale i løpet av de fyrste vekene
5.3 Overgang barnehage-skule
Vi samarbeidar med Vigrestad barnehage og Vigrestad skule for å få til ein best mogleg overgang til skulen.
- Det blir 4/5 besøk på skulen i løpet av våren. Der barna får bli kjent på tvers av barnehagane, med lærarar og bli litt kjent med skulen. Lærarane frå Vigrestad skule kjem på besøk i barnehagen før første skuleklubb.
- Barn som soknar til andre skular enn Vigrestad skule, og barn som ikkje har dag i barnehagen når det vert arrangert skuleklubb, må fyljast av foreldre/ føresette.
I Hå kommune er det utarbeida ein felles plan for samanheng mellom barnehage og skule. Planen, Frå barnehagebarn til skuleelev, er under revidering.