Hå kommune

Stikk innom og få hjelp med det digitale

Treng du hjelp til å finna fram på nettet? Logga inn i digi-post eller banken? Strever du med å henga med på det digitale?

 

digitalisering - Klikk for stort bilete

 

Me har fleire tilbod til deg. Dyktige og digitale ungdommar er klar for å hjelpa deg med det du måtte lura på:

  • Kvar onsdag klokka 10-13 i Paviljongen, Nærbøparken. Du treng ikkje å bestilla tid. Det er bare å stikka innom og spørja om det du lurer på.
  • Du kan òg avtala tid og få hjelp på Hå folkebibliotek, Nærbø. Her kan du lesa meir om digihjelp på biblioteket.

Velkomen til eldrefest torsdag 3. oktober

Ledige stillingar

Finn draumejobben din i Hå kommune og bli ein del av fellesskapet vårt!

Vil du vera med og påverka?

Følg med på kva som skjer i kommunen og lokaldemokratiet. Sei di meining om planar, følg med på ulike prosjekt og sjå politiske møte direkte eller i opptak.