Dei er laga for å vere meir brukarvennlege, slik at du lettare skal finna det du treng. For nettsidene er dine. Alt er forsøkt rigga og lagt til rette for at du som innbyggar i den fine kommunen vår, skal finna fram når du treng vita kor tid ungane får juleferie frå skulen, kor tid søppelet blir henta eller korleis du kan søka om heimehjelp til morfar.
I tillegg har me fått på plass den nye logoen, dei nye Hå-fargane og steinformene i tråd med den nye visuelle identiteten. Dersom du er interessert kan du lesa meir om bakgrunnen for det nye designet her:
Les om visjonen bak den nye visuelle identiteten
Sjekk ut nettsidene, og gi oss gjerne tilbakemelding nedst på sidene der det står: Fann du det du leitte etter?
Forstår du informasjonen frå kommunen? Får du til å søka? Me høyrer gjerne frå deg.
Me løfter og leiter i lag😊
Takk for hjelpa!