Det nye kommunestyret skal ta stilling til om ein skal revidera kommuneplanen heilt eller delvis. Planstrategien er òg eit verktøy for å vurdera kommunen sitt plansystem, planressursar og behov for planar (kommunedelplanar, tema- og sektor/fag planar).
Den kommunale planstrategien er ikkje ein plan der ein skal vedta mål og strategiar. I kommunal planstrategi skal ein drøfta utviklingstrekk i kommunen, slik som samfunn og organisasjon. Denne drøftinga vil legga grunnlag for å kunna vurdera behovet for planar i kommunestyreperioden.
Vedtak av kommunal planstrategi 2024-2027
5. september 2024, i sak 82/24, vedtok kommunestyret i Hå “Planstrategi 2024 - 2027”. Planstrategien legg ikkje opp til revidering av kommuneplanen i denne perioden.
Lenker til planstrategien og saksframlegget i kommunestyret finn du under.
Lenker