Lenke til Rogaland Fylkeskommunes heimeside med plankart, føresegner, planbeskrivelse og vedlegg
Dette inngår i planane
Målet med prosjektet er å redusere ulykker, auke trafikktryggleiken og heve standarden på veg og sideanlegg. Dette skal løysast med desse tiltaka:
- Opphøgdt midtoppmerking (rumlefelt) mellom køyreretningane, og utviding av køyrefelta. Utvidinga varierer sidan vegen i dag har varierande bredde, men er i snitt omlag 1 meter. Utvidinga tas i hovudsak på motsett side av gang- og sykkelvegen, austsida av Fv. 44.
- Njærheim bru over Håelva skal erstattast med ny, breiare bru.
- Venstresvingfelt eller passeringslomme i kryss, i Hå gjeld dette kryss Fv. 4370 Vigre (Hå gamle prestegard), Fv. 4398 Pollestadvegen og Brusand camping.
- Fleire avkøyrsler blir endra, 9 avkøyrsler på strekninga Klepp grense til Vigre blir regulert stengt.
- Eksisterande gang/sykkel/feundergangar forlenges.
- Utbedring av fleire busslommer.
- Det vil vere behov for både permanent grunnerverv, og midlertidig til anleggsområde.
Prosjektet er frå Handlingsprogram for fylkesveier i Rogaland i perioden 2018-2021. Det er ikkje avsett midler til bygging, men det er allikevel besluttet å fullføre reguleringsplanene slik at tiltakene kan realiseres dersom finansiering kommer på plass.
Åpen kontordag
Rogaland Fylkeskommune har open kontordag torsdag 10. oktober på Time Rådhus i Arne Garborgs veg 30, Bryne mellom klokka 13.00-18.00, der det er høve til å koma innom for å stille spørsmål.
Har du innspel og merknader til planforslaga?
Dersom du har relevante innspill, merknader eller opplysninger til planen kan du sende disse på e-post til firmapost@rogfk.no , eller i brev til Rogaland fylkeskommune, Postboks 130, 4001 Stavanger.
Frist for å sende inn merknader er 27. oktober 2024. Merk sendingen med saksnummer 2021/21866, og ditt fulle navn og adresse.
Rogaland Fylkeskommune svarer ikkje på innkomne merknader direkte, men sammenfatter og kommenterer dei i det vidare planarbeidet og ved politisk behandling. Alle merknader blir i utgangspunktet tilgjengeleg for allmennheten i kommunen si møtebok på heimesida.
Har du spørsmål?
Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt med prosjektleder Randi Helen Ladsten på telefon 92 43 40 43, eller på e-post til: randi.helen.ladsten@rogfk.no
Du kan og ta kontakt med saksbehandler i Hå kommune, Rolf Aleksander Svensen Mellgren på telefon 41 53 26 78, eller på e-post rasm@ha.kommune.no
Planprosess
Dette varselet er gitt med hjemmel i plan- og bygningsloven (PBL) § 3-7, 3. ledd og § 12-10.
Planprosess etter PBL § 3-7 betyr at Rogaland fylkeskommune sender planen direkte på høring og offentlig ettersyn uten politisk behandling. Deretter justerer fylkeskommunen planen etter høyringsinnspela, før den sendes til politisk behandling og sluttvedtak i kommunestyra i Klepp, Time og Hå.
Det har blitt vurdert at planen ikkje skal konsekvensutgreiast, i henhold til PBL § 4-2.
Tverrprofil 8m bredde
Statens Vegvesen