Kven kan koma til helsesjukepleiar?
Alle kan koma innom for samtale, men det er greit å seie til lærar kor du skal.
Foreldre kan ta kontakt pr mobil: 48869485, evt helsestasjon - resepsjon: 51 79 99 70.
Kva kan helsesjukepleiar hjelpe med?
Helsesjukepleiar har teieplikt og barna kan ta opp ulike spørsmål og utfordringer. Det kan være spørsmål relatert til kropp, pubertet, kosthold, trening, psykiske vansker, mobbing, ensomhet, vaksiner eller andre tankar dei har.
Korleis tek elevane kontakt?
Elevane kan kome innom kontoret i trefftida eller be lærar avtale tid. Dersom eg er opptatt, kan me avtale ei ny tid seinare.