Dette skal Hå kommune satsa på framover
20. juni vedtok kommunestyret ny kommuneplan «Hå mot 2036».
Den nye kommuneplanen tek utgangspunkt i langsiktige utfordringar og moglegheiter, med ei sterk forankring i FN sine berekraftsmål. I samfunnsdelen er sju hovudsatsingsområde valde ut for å sikra berekraftig utvikling i Hå kommune.
Dei sju satsingsområda er:
- Me løfter i lag
- Berekraftig matproduksjon
- God helse
- God utdanning
- Innovasjon, infrastruktur og næringsutvikling
- Berekraftige stasjonsbyar og tettstader
- Handling mot klimaendring
Planen inneheld vidare ein langsiktig arealstrategi som skal fungera som eit bindeledd mellom samfunnsdelen og arealdelen.
«Hå mot 2036» består av:
Andre plandokument/vedlegg
Lurer du på noko?
Har du spørsmål kan du kontakta Hå kommune på e-post kommuneplan@ha.kommune.no, eller telefon 51 79 30 00.