Viktig melding

Lukk meldinga

Oppstart av detaljregulering for Nærbø gamle kyrkje og gravlund, plan 1120.

 I samsvar med plan og bygningsloven §§ 12-3 og 12-8 meldes det oppstart av planarbeidet.

Målet med planarbeidet
Me ønsker å avklare tilkomst og parkeringssituasjon til kyrkja og gravlunden. Ny plassering av driftsbygning skal og vurderast.  Me skal og vurdera om det skal gis meir detaljerte føringar for bruk og vern i området, rundt Audamotlandstjørna og kyrkja. 

Om planområdet
Planområdet dekker eit areal på cirka 37 dekar og  er ikkje regulert i dag. I kommuneplanen er området avsett til grav- og urnelund og parkering. Areala rundt Nærbø gamle kyrkje er satt av til bevaring kulturmiljø. Nærbø gamle kyrkje er frå 1834 og er listeført av Riksantikvaren, som betyr at planarbeidet må ta omsyn til dei føringane vernet gjer. Sør i planområdet ved Audamotlandstjørna er det eit viktig naturmiljø, med rikt kulturlandskap og leveområde for sothøne. Planarbeidet omfattar ikkje tiltak som vert omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing.  
 
1120 Oppstartskart
 
Du kan komme med innspel
Har du innspel eller opplysingar som kan ha betydning eller interesse for planarbeidet? Då merker du det med plannamnet: Detaljregulering for Nærbø gamle kyrkje og gravlund, plan 1120  og sender det til: 
Hå kommune
Tekniske saker og næring
Postboks 24
4368 Varhaug
eller på e-post: teknisk@ha.kommune.no
Innen onsdag 6.april 2016
 
Når blir innspelet kommentert?

Innspela blir vurdert og kommentert når planen blir utarbeida. Dei blir lagt fram saman med planforslaget til politisk behandling. Det er utval for tekniske saker og næring som behandlar saken og avgjer om forslaget  skal bli lagt ut til ny høyring. I høyringsrunden får du ein ny anledning til å gje uttale. Denne gongen er planforslaget konkret. Vedlagt planforslaget får du ein planomtale og meir informasjon om saksgang ved reguleringsplan, sjå saksgang ved regulering. (PDF, 154 kB)

Lurer du på noko?
Har du spørsmål til arbeidet kontakt saksbehandlar Ine Woldstad på telefon 51 79 30 00 eller e-post teknisk@ha.kommune.no.