
Korleis skal Varhaug sentrum utvikla seg?
I dei kommande åra skal Varhaug sentrum utviklast vidare. På møtet ønskjer kommunen særleg innspel til:
- korleis området kan bli ein positiv del av eit levande sentrum
- korleis ny permanent park og nytt torg kan bli ei inkluderande møteplass
- korleis området kan leggja til rette for gode bu- og nærmiljø for seniorar
Kort fortalt om planarbeidet
- Hå kommune arbeider med ny detaljregulering for Varhaug sentrum, delfelt 1A, 1B og 1C.
- Planområdet ligg i Varhaug sentrum, ved rådhuset og sør for Coop Extra.
- Planen legg til rette for bustader, tenesteyting, leilegheitsbygg, nytt torg og permanent park.
- Oppstart av planarbeidet vart varsla hausten 2025.
- Planen skal etter planen leggast fram for 1. gangs handsaming i april 2026.
- Medverkningsmøtet gir deg moglegheit til å gi uformelle innspel til nytt torg, park og framtidig seniorbofellesskap.
- Dersom du har leigetakarar eller andre med rettar knytt til eigedomen din, ber vi deg informera dei om møtet.
Bakgrunn for arbeidet
Siste åra har interessa for seniorbofellesskap auka, både blant innbyggjarar og politikarar i Hå. Under arbeidet med den nye kommuneplanen vart behovet løfta fram, og formannskapet vedtok 13. mai 2025 å leggja til rette for utvikling av slike bumiljø i Varhaug sentrum. Her finn du link til sak 18/25.
Reguleringsplanen omfattar delsone 1A, 1B og 1C i kommunedelplanen.
- Delsone 1B: bustader og bofellesskap
- Delsone 1A og 1C: tenesteyting, leilegheitsbygg og andre sentrumsføremål
Planområdet er om lag 33 dekar, og den endelege plangrensa kan bli justert i det vidare arbeidet.
Påmelding
For å delta på møtet må du melda deg på innan måndag 23. mars ved å senda e‑post til:
post@vil-bo.no
Kontaktpersonar
Hå kommune:
Plansjef Ole Vikse – Ole.Vikse@ha.kommune.no
Kommuneplanleggjar Einar Serigstad – Einar.Serigstad@ha.kommune.no
Utbyggjar – Vilbo:
Randi H. Augenstein – ra@hha.no
Arkitekt – Helen & Hard:
Mathias Wijnen – mw@hha.no
Me håper du vil delta!
Din stemme er viktig når me skal forma framtidas Varhaug sentrum.