Viktig melding

Lukk meldinga

Viktig informasjon til alle som har hageavfall

Håbuen har nå fire stader der du kan levera hageavfall, men ikkje lever avfallet i sekker eller posar. 

Illustrasjonsbilde av kompost/hageavfall. Foto. - Klikk for stort bilete

Du har nå fleire moglegheiter for å køyra hageavfallet vekk:

(du finn bilde av alle mottaka nedst i denne artikkelen)

  • Til og med 30. september kan private hushaldningar/innbyggarar i Hå kasta hageavfall 24/7 i Sirevåg (Nylund industriområde), Stokkalandsmarka industriområde og Varhaug (Tjemslandsmarka industriområde).
  • På alle dei tre plassane finn du ein oppmura firkant/utesilo der du kan tøma tilhengeren, bagasjerommet, trillebåra, plastposen eller kva du måtte bruka til å frakta hageavfall med. Hugs at du må tømma posen/sekken, og ta den med deg heim igjen. Ikkje legg att posen eller sekken.
  • I desse mottaka kan du kasta plengras, ugras, blomar, lauv, små greiner og restane av hekken som du ikkje vil ha lenger. Har du anna avfall enn hageavfall, må du levera dette til gjenvinningsstasjonen på Nærbø.
  • I gjenvinningsstasjonen kan du så klart òg levera hageavfall, om det er enklare å reise dit enn til eitt av dei tre sesong-mottaka. Opningstidene finn du på på nettsidene til Hå gjenvinningsstasjon Nærbø

Me sorterer i lag!

Hageavfallet ditt er ein ressurs

Slå eit slag for miljøet og gjer hagen din hakket meir berekraftig. Lag deg eit hjørne i hagen din der du kaster molda, plengraset og ugraset, og etter ei stund får du god jord i betaling.

Dronebilde av det ubetente mottaket for hageavfall i Sirevåg. Foto. - Klikk for stort bilete
Dronebilde av det ubetente mottaket for hageavfall i Sirevåg. Foto. - Klikk for stort bilete
Dronebilde av det ubetente mottaket for hageavfall i Stokkalandsmarka. Foto. - Klikk for stort bilete
Dronebilde av det ubetente mottaket for hageavfall i Stokkalandsmarka. Foto. - Klikk for stort bilete
Dronebilde av det ubetente mottaket for hageavfall på Varhaug. Foto. - Klikk for stort bilete
Dronebilde av det ubetente mottaket for hageavfall på Varhaug. Foto. - Klikk for stort bilete
Bilde av hageavfallsmottaket i Pytten på Nærbø. Foto. - Klikk for stort bilete
Bilde av hageavfallsmottaket i Pytten på Nærbø. Foto. - Klikk for stort bilete