Til alle som har hageavfall

Me gjentek suksessen frå i fjor med døgnopne og ubetjente mottak for hageavfall rundt i den flotte kommunen vår. 

Frå 1. april kan private hushaldningar i Hå kommune levera hageavfall fire stader: 

  • Nylund industriområde, Sirevåg
  • Stokkalandsmarka industriområde, Vigrestad
  • Tjemslandsmarka industriområde, Varhaug
  • Hå gjenvinningstasjon, Nærbø 


Til og med 30. september kan private hushaldningar i Hå kasta hageavfall i dei tre døgnopne mottaka i Sirevåg, Stokkalandsmarka og Varhaug. Det er ikkje døgnope i gjenvinningstasjonen på Nærbø.

På alle dei tre plassane finn du ein oppmura firkant/utesilo der du kan tøma tilhengeren, bagasjerommet, trillebåra, plastposen eller kva du måtte bruka til å frakta hageavfall med. Hugs at du må tømma posen/sekken, og ta den med deg heim igjen. Ikkje legg att posen eller sekken.

Kva kan du kasta?

  • I desse mottaka kan du kasta plengras, ugras, blomar, lauv, små greiner og restane av hekken som du ikkje vil ha lenger. Har du anna avfall enn hageavfall, som mold, grus, røter, store greiner eller hekkplanter, må du levera dette til Hå gjenvinningsstasjon på Nærbø


Saman kan me få denne ordninga til å fungera knallbra, så sant det ikkje blir kasta noko anna enn hageavfall i desse mottaka. 

Me sorterer i lag!

Dronebilde av det ubetente mottaket for hageavfall i Sirevåg. Foto. - Klikk for stort bilete
Dronebilde av det ubetente mottaket for hageavfall i Stokkalandsmarka. Foto. - Klikk for stort bilete
Dronebilde av det ubetente mottaket for hageavfall i Stokkalandsmarka. Foto. - Klikk for stort bilete
Dronebilde av det ubetente mottaket for hageavfall på Varhaug. Foto. - Klikk for stort bilete
Bilde av hageavfallsmottaket i Pytten på Nærbø. Foto. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete