Viktig melding

Lukk meldinga

Nytt om kommunale avgifter

Den siste tida har mange av dykk fått rekning i nettbanken eller posten frå oss.

Prisauken frå 2022 til 2023 er ein god del større enn det som har vore vanleg dei siste åra. Vatn, avløp og renovasjon er sjølvkostområde der alle utgifter skal dekkast inn gjennom kommunale avgifter. Dette året har både Hå og alle nabokommunane fått vesentleg auka utgifter på desse områda, så dermed måtte kommunestyret vedta auka avgifter under budsjettbehandlinga.

Rekninga er for søppeltømming, vatn, avløp, feiing og andre kommunale tenester. Då dukkar det ofte opp gode spørsmål fra dykk.

Me har stort trykk på telefonen for tida, og ber om at du bruker nettsida vår både til å finna svar på spørsmål og kontakta oss.

Her finn du info om kommunale avgifter