Oppdatering 3. februar: Fugleparken må stenga igjen
I desember vart det påvist fugleinfluensa på ein fugl i Nærbøparken. Parken vart derfor stengd – ikkje fordi det var farleg for menneske å opphalda seg der, men for å skapa ro for sjuke og ville fuglar i parken.
Alle tamfuglane (høns, påfuglar og duer) måtte dessverre avlivast, men villfuglane har vorte mata med frø den siste månaden.
Frå og med måndag 18. januar klokka 13.30 er parken i hjartet av Nærbø, også kalla fugleparken, open for publikum igjen.
Det er så langt ikkje tatt stilling til om det skal koma tamfuglar igjen i parken. Den avgjerda vil Hå kommune ta i samråd med Mattilsynet.