Fugleparken må stenga igjen

Fugleparken på Nærbø er stengd - Klikk for stort bileteMattilsynet anbefaler Hå kommune å stenga Nærbøparken inntil vidare.

I desember vart det påvist fugleinfluensa på ein fugl i Nærbøparken, også kalla fugleparken på Nærbø. Parken vart derfor stengd til midten av januar, og alle tamfuglane måtte avlivast.

Hå kommune har, i samarbeid med Mattilsynet, gjennomført ei rekke tiltak for å redusera smittespreiing. Det eksisterer likevel fare for at menneske som besøker Nærbøparken tar med smitte via fugleavføring ut av parken. Ei spreiing av smitte inn til fjørfehald, på hobbybasis eller kommersielt, vil få store samfunnsmessige konsekvensar.

Med bakgrunn i dette anbefaler Mattilsynet at parken igjen blir stengd inntil vidare. Hå kommune vil retta seg etter denne anbefalinga, så frå og med onsdag 3. februar vert fugleparken stengd for publikum.

Tilsette frå Hå kommune vil halda fram med fôring av villfuglane som held til i parken.

Les meir om fugleinfluensa på nettsidene til Mattilsynet