På Helsenorge finn du oversikt over alle vaksinar du har tatt tidlegare
Influensavaksine
- Sesongens influensavaksinar er tilgjengelege frå og med 7. oktober.
- Influensavaksine er tilrådd særskilt for risikogruppene. Desse får rabattert vaksine. Risikogruppene vil seia alle frå 65 og oppover, gravide frå veke 12, premature born mellom 6 månader og 5 år (fødde før veke 32) og barn og vaksne med kroniske sjukdommar.
Her finn du meir informasjon om influensavaksine til risikogruppene
- Innbyggarar i risikogruppene med fastlege i Hå tek kontakt med sitt legekontor og avtalar tid for vaksinering. Innbyggarar som ikkje har fastlege i Hå, kan ta kontakt med legekontoret på Nærbø.
- Legekontora på Nærbø, Varhaug og Vigrestad har tilgjengeleg timebøker på Helse Norge for nettbestilling. Du kan òg ringa legekontoret for å bestilla time.
- Alle som ønsker det kan ta kontakt med eit apotek og få sett influensavaksine der (mot betaling). Du treng ikkje resept frå lege.
- Helsepersonell er tilrådd å ta vaksine for å beskytta sårbare pasientar, dette vert organisert via arbeidsgivar. Bur du i hus med alvorleg sjuke eller har grisar på garden, er du òg anbefalt å ta vaksine, du kan henvenda deg til legekontoret for resept.
Koronavaksine
Innbyggarar i risikogruppene som skal ta influensavaksine, kan samtidig få tilbod om dose fem med koronavaksine viss det har gått minst seks månader sidan sist dose. Risikogruppene er i hovudsak dei same som risikogruppene for influensa.
Her finn du meir informasjon om koronavaksine i Hå
Pneumokokkvaksine
Denne vaksinen bør takast kvart sjette år for personar i risikogruppene og alle over 65 år. Du kan ta pneumokokkvaksine samtidig med korona- og influensavaksine.
Kikhoste
Du kan få påfyll av kombinasjonsvaksinen som inneheld kikhoste hjå fastlegen din.