Organisering av skulevekaSkuledagen 2023/2024 Organisering av skuledagen Skulen er ein småskule med fire klassesteg. Kvart klassesteg har frå 40 til 65 elevar. Desse utgjer eit trinn, men er inndelt i tre til fire kontaktlærargrupper. I det daglege vert dei organiserte i ulike grupperingar, etter behov. Første og andre klasse er i sørbygget. Tredje og fjerde klasse er i nordbygget. Personalet i kvart bygg dannar eit arbeidslag med ein lagleiar. Lagleiar for 1. og 2. klasse er Kristin Aarsland Stueland er lagleiar for 1. og 2. klasse og Ola Krukhaug for 3. og 4. klasse. Skuledagen Første og andre klasse har 18 t/v medan tredje og fjerde klasse har 20,25 t/v. I tillegg til dette er det friminutt og måltid. Skulen låser opp klokka 8.10 og startar opp klokka 8.20. Det er tilbod om leksegruppe til påmeldte elevar. Første og andre klasse har tre lange dagar der dei sluttar kl. 14.00og to kortare dagar der dei sluttar klokka 11.15. Dei korte dagane har dei ikkje måltid på skulen. Tredje og fjerde klasse har fire lange dagar der dei sluttar klokka 14.00. Tysdagen er kort, då sluttar elevane klokka 11.15. Organisering av skuleveka Klokke: Lange dagar Korte dagar 8.20-9.40 1. økt - 80 minutt 1. økt - 80 minutt 9.40-9.55 - kort dag 9.40-10.00 - lang dag Friminutt - 20 minutt Friminutt - 15 minutt 10.00-11.15 - kort dag 10.00-11.00 - lang dag 2. økt - 60 minutt 2. økt - 80 minutt 11.00-11.40 Mat og midttime Slutt 11.15 11.40-12.40 3. økt - 60 minutt 12.40-13.00 Friminutt - 20 minutt 13.00-14.00 4. økt - 60 minutt Slutt 14.00 Sist endra 29.06.2023 09.57