ForventningsdokumentFAU og skulen har utarbeida eit forventningsdokument som viser gjensidige forventningar: Føresette sine forventningar til skulen: møter alle elevar med omsorg og respekt legg til rette for at elevane trivest og kjenner seg trygge startar opp aktivitetsplan dersom eleven ikkje er trygg på skulen gir elev og foreldre tilbakemelding og framovermelding på læringsutbytte, ut frå måla i Kunnskapsløftet og individuell utvikling tilpassar arbeidsstoff og lekse legg til rette for eit godt foreldresamarbeid rundt eleven si utvikling gjennomfører konsekvensar ved brot på reglar har jamnlegge elevsamtalar med fokus på trivsel, fagleg- og sosial utvikling gir tips og rettleiing om oppfølging av lekser kallar inn til foreldremøte og utviklingssamtale haust og vår presenterer SFO- personalet for nye elevar i juni Skulen sine forventningar til føresette: eleven møter utkvilt, har ete frukost og har med sunn matpakke eleven møter presist føresette sender melding til skulen før klokka 7.45 ved fråvær eleven er heime ved feber, oppkast eller dårleg allmenntilstand føresette har dagleg oppfølging av lekser føresette tek på alvor om skulen er uroa for bornet føresette har låg terskel til å ta kontakt med skulen om faglege eller sosiale forhold føresette held seg orientert om vekeplanar og andre skriv, slik barna kjem førebudde til skulen kvar dag Skulen sine forventningar til eleven: du oppfører seg vennleg og respektfull mot alle elevar og vaksne du bannar ikkje eller snakkar stygt til andre du følgjer skulen sine reglar, avtalar og beskjedar du bidreg til god leik i friminutta og seier ja når andre elevar spør om å få vera med du seier i frå til ein vaksen dersom du ser at ein medelev vert plaga eller haldt utanfor du har god arbeidsinnsats og samarbeidar godt i timane, sjølv om det er vanskeleg og du møter motstand. du gjer leksene dine du passar godt på ditt eige og skulen sitt utstyr du er på rett plass til rett tid Publisert av Ingrid Vold Publisert 07.12.2022 08.56