Det var møte i SU/SMU 4. mai 2023
Desse møtte:
Marianne Særheim, Marta Siqveland, Britt Vold, Doroteja Gerulskyte, Elias Vigrestad, Linda Therese Torsen, Live Hadland, Randi Charlotte G. Ørland, Ingrid Vold, Vegard Ask
Forfall: Elma Voll og Tone Waldeland
Saker:
1. Utviklingsplan og satsingsområde neste skuleår
FAU informerte om sine tankar på FAU-møtet og at dei tenkte at trivsel og motivasjon var ein
viktig faktor bak all utvikling. Dei ønskte at skulen vidare skulle prioritera sosial læring og
legga til rette for fagleg og sosial meistring som påverka sjølvkjensla til elevane. FAU ynskte
at elevane skulle få trening i sosial kompetanse gjennom både praktisk trening og teori
gjennom samtale og refleksjon. Elevane treng å bli møtt på kjensler og må stola på seg sjølv
gjennom god sjølvkjensle for å meistra god samhandling med andre.
Elevane i SMU har og tenkt gjennom kva som vil vera viktige fokusområdet til neste år:
• finare språk til kvarandre. Elevar kan vera frekke i munnen, og elevane tenker at det
er uheldig om eit slikt språk vert normalisert. Elevane trur noko av språket er fanga
opp av sosiale medier.
• inkludera kvarandre endå meir gjennom å helsa og sei hei og ha fokus på at alle er
skulevenner.
• takla motstand då elevar fort kan gi opp i både sosiale og faglege situasjonar.
FAU kommenterer og tenker at dersom elevane er trygge på seg sjølv og andre, vil behovet
for tøft språk bli mindre, og trur sosial kompetanse og fokus på sjølvkjensle vil vera viktig
framover. FAU tenker og at dersom ein ikkje meistrar sosial kompetanse, vert det vanskeleg
å fungera på sikt og i arbeidslivet.
Politikar tenker at robustheit og sosial kompetanse er viktige fokusområde på barnetrinnet.
Som lærar sjølv i vidaregåande skule, vil dette vera naudsynte ferdigheiter.
2. Resultat trivselsundersøking
Alle partane tenker at resultata er gode.
Skulerepresentantane trur at noko av grunnen til resultatet er at skulen har fokus på at alle er
klassevenner, sjølv om ikkje alle er fritidsvenner. Skulen arbeider med at alle skal vera
lærevenner med kvarandre i timane og ha lag saman i friminuttet. FAU er einig i dette og
seier at det er mange aktuelle filmar på youtube som viser denne tanken, som “Venner på
skolen”. Elevane fortel at dei har bestemte leikevenner i friminutta og tilfeldige lærevenner på
skulen.
3. Grillkveld
FAU informerer om tenkt plan: Ein felles grillkveld utan styrte aktiviteter, men tilrettelagt for frie, sosiale aktiviteter. Tidspunktet vert 8. juni klokka 17.00. Elevar og føresette tenker at det kan vera lurt om elevane lagar invitasjonar til grillkvelden på skulen, som dei kan levera heime.
4. Lekse
FAU informerte om saka som var oppe i FAU-møtet. Partane tenker at det er ulike meiningar alt etter barnet, og at leksa må tilpassast deretter. Det er lurt med leksemalen som allereie eksisterer, som eit utgangspunkt. Vidare tenker partane at det er lurt at det vert obligatorisk punkt på utviklingssamtalen.
Eventuelt
4. klasse ynskjer:
- nytt nett på målet i ballbingen. Elevane må passa på at dei ikkje går gjennom nettet, då vert det fort øydelagt att.
- større uteleiker og inventar til skulen, men dette må utsettast til bygging av ny skule.
- fleire sykkelturar og annleisdagar.
- gym på klubben og storskulen på basketbanen
- tidlegare info om nye kontkatlærar til femte klasse. Rektor fortel det har vore ein lang tilsettingsprosess, men at lærar-kabalen på dei fleste skulane er ferdigstilt no. Rektor reknar med det kjem eit info-skriv frå storskulen allereie veke 19.
- at golvet i leikehytta må fiksast.
- meir frie områder i friminutta. Rektor fortel at dei tilsette stadig evaluerer dette, men at det er fordeler og ulemper med begge deler. Derfor ein middelveg.
4. klasse ynskje til politikar:
- Større fritidstilbod på Vigrestad for yngre elevar. Mange må reisa langt for å gå på korps og turn. Politikar-representanten fortel at det er midler til å driva korps, men vanskeleg å få folk som er vil ta ansvar for å driva korpset.
- Fritidsklubb for yngre elevar. I dag er det tilbod på misjonshuset om Yngres annakvar tysdag. Elevane trur at det tidvis dårlege fritidsmiljøet, som er teke opp på tidlegare SMU-møte, truleg kunne vore betre om ungdommane hadde ein plass å vera, og tidleg inkludera dei yngre ungdommane i ein fritidsklubb. Elevane seier at pumptracken er blitt ein samlingsplass, som viser at borna samlar seg når det er aktuelle stadar. Politikar-representanten tek saka med seg vidare og trur kanskje biblioteket kan bli ein aktuell plass på sikt.
Ingrid Vold
sekretær