Foreldremøte
I februar kallar skulen inn til foreldremøte for skulestartarane. Innkallinga kjem via barnehagen.
Skuleklubb
Om våren det siste barnehageåret vert alle som skal starta i 1. klasse invitert inn til skuleklubb på skulen. Desse øktene vert fem fredagar frå kl. 12.00-13.30 i lag med den nye gruppa og kontaktlæraren i klasserommet. Målet med øktene er at det skal skapast tryggleik og at elevane skal få ein forsmak på elevrolla.
Overføringssamtalar
I juni vil alle føresette bli innkalla til ein overføringssamtale med pedagog i barnehagen og ny kontaktlærar. Målet med samtalen er at foreldre og pedagog skal presentera bornet for kontaktlæraren sin.
Oppstart
Dei nye 1. klassingane startar opp kl. 9.00 første skuledag. Det vert ei kort samling i gymsalen før elevane går til sine kontaktgrupper.
Praktisk informasjon
Det vert foreldremøte for nye 1. klasse i overgangen august/september.
Elevane må ha med matpakke måndag, onsdag og torsdag. Elevane kan abonnera på melk og frukt gjennom skulen. Påmelding vil koma i Visma i juni.
Elevane har god garderobeplass med eiga korg til skiftklede. Det kan vera lurt å fylla på denne innimellom.
Det vert i utgangspunktet ikkje tilbod om leksegruppe i 1. klasse. I begynneropplæringa i leseprosessen er det viktig at elevane vert tett oppfølgt. Dette er lettast å få til heime ein til ein, og ikkje i gruppe i leksegruppe.