Det er mellom 40 og 60 elevar på kvart trinn, som igjen er inndelt i to eller tre klassegrupper. Skulen har skuleåret 2023/2024 21 tilsette lærarar, 13 miljøarbeidarar/fagarbeidarar og 1 lærling. Første og andre klasse er i det sørlege bygget, mens tredje og fjerde klasse held til i bygget mot nord. Personalet i kvart bygg dannar eit arbeidslag, med kvar sin lagleiar.
På Vigrestad skule er me opptekne av at elevane skal vera motiverte, ha det trygt og godt og ha ei god fagleg og sosial utvikling. Hå kommune sin visjon om å løfta i lag er og viktig for oss. Dei tilsette arbeidar tett saman om ein kollektiv praksis og eit felles ansvar for elevane på trinnet.
Utviklingsmål skuleåret 2023-2024:
Mål 1: Elevane er motiverte, deltek aktivt og viser uthald i læringssituasjonar. Me har arbeida med motivasjon over fleire år og erfarar at elevane trivst i timane med lærar, og har det trygt og godt i friminutta. Lærarane har og høgt fokus på at undervisninga er variert og at elevane er aktive i læringsprosessar.
Samtidig erfarar me at elevane våre kan gi fort opp læringssituasjonar om dei møter motgang. På dette grunnlaget vil me arbeida for vidare tilrettelegging og motivasjon, slik elevane våre blir endå meir ansvarlege i eiga læring og utvikling.
Rektor: Ingrid Vold
Kontakt: Ingrid.Vold@ha.kommune.no, Telefon: 93097130
Administrasjonskonsulent: Hege Lende
Kontakt: post.vigrestad.skule@ha.kommune.no, Telefon: 51793600