Prosjektkonkurranse om kjøp av tomter til seniorbufellesskap

Hå kommune ynskjer å leggja til rette for seniorbufellesskap i kommunen, og har no to sentrale tomter på Nærbø og Varhaug for sal til utvikling av slike prosjekt. 

ærekraftige byer og samfunn, terning - Klikk for stort bileteBærekraftige byer og samfunn Anne Lise Norheim

Eigedomane skal seljast gjennom ein prosjektkonkurranse med prekvalifisering. I prekvalifiseringa må interesserte aktørarar dokumentera at dei oppfyller økonomiske og erfaringsmessige kvalifikasjonskrav, og kort skildra sitt konsept for utvikling av seniorbufellesskap.  

Tomtene skal seljast til tilbydarar som kan utvikla seniorbufellesskap i tråd med kommunen si forståing av omgrepet. Interesserte bør difor setja seg inn i formannskapssakene 77/24 og 18/25, då desse signaliserer kva kommunen etterspør. 

Tomtene vert selde kvar for seg, og kan seljast til same eller ulike kjøparar. Ved søknad om prekvalifisering må aktørane informera om kva eigedomar dei er interesserte i. Utkast til konkurransegrunnlag er lagt ved til informasjon. Frist for prekvalifisering er sett til 20. august 2025 kl. 12.00.

Les meir i dei vedlagde filene under:

Prekvalifisering - seniorbufellesskap (PDF, 588 kB)

Tomter - seniorbufellesskap (PDF, 4 MB)

Utkast til konkurransegrunnlag - seniorbufellesskap (PDF, 646 kB)