Viktig melding

Lukk meldinga

Høyring av Kommunedelplan for dobbeltspor mellom Nærbø og Skeiane stasjon

BaneNOR planleggjer dobbeltspor mellom Skeiane og Nærbø på Jærbanen. Dei har utarbeida ein kommunedelplan som no er lagt ut til høyring og offentleg ettersyn.

Skjermbilde frå video laga av BaneNOR

Du finn alle dokument og annan informasjon her på BaneNOR sine heimesider:  
Utbygging Sandnes-Nærbø | Bane NOR
Plankartet for heile strekninga kan sjåast her: Sandnes - Nærbø KDP (arcgis.com)

Folkemøter

I samband med høyringa vil Bane NOR gjennomføre eit ope møte, og ha åpne kontordagar. Det opne møtet vil gi overordna informasjon, og dersom du har spesifikke spørsmål om eigen eiendom ber me deg om å koma på ein av dei opne kontordagane. 
Åpent kontor for Hå kommune er 27. september, klokken 14-18, i Rådhusgata 3, 2. etasje, Varhaug, her vil og planleggjar frå kommunen vere til stades.

Åpent møte (for heile strekninga), 19. september, klokken 19:00, Time rådhus, Arne Garborgs veg 30, Bryne
 

Har merknader og innspel til planen?

Høyringa føregår i perioden 4. september til 29. november 2023.
Send innspill og merknader til: postmottak@banenor.no , merk med "Saksnummer 202004713, Høringsinnspill fra [Navn]"
Endeleg planforslag og merknader blir politisk behandla i kvar enkelt kommune.

3D-Animasjon av planen