Fastsett planprogram for kommunedelplan for Vigrestad sentrum
I møtet 16. juni vedtok kommunestyret å fastsetta planprogrammet for kommunedelplan for Vigrestad sentrum. Det vedtekne planprogrammet legg føringar for planarbeidet fram til planlagd vedtak av sentrumsplanen i 2024.
Planprogrammet finn du på nettsida www.ha.no/vigrestadsentrum, eller i Servicetorget på rådhuset. Planprogrammet syner korleis me vil laga sentrumsplanen og peiker på viktige tema som må greiast ut i planarbeidet, til dømes trafikkløysingar og kva funksjonar som skal vera i sentrum. Vidare seier det korleis innbyggarar og andre interessentar kan delta i arbeidet.
Sist endra 27.08.2024 09.50