OrdensreglarUtval for opplæring og kultur har vedteke ny kommunal forskrift om ordensreglement i skulane i Hå, gjeldande frå 01.08.2021. Den nye forskrifta erstattar vedtekta frå 21.02.2001. I tillegg har Nærbø ungdomsskule laga nokre konkretiseringar.I denne lenka ligg dei kommunale ordensreglane.Konkretiseringar som gjeld Nærbø ungdomsskule (gjeldane frå skuleåret 2022/23):Snop, brus…Det er ikkje tillete med snop, brus, energidrikk eller liknande på skulen. Uteområdet:Er elevane ute i friminutta, skal elevane opphalde seg på skulen sitt uteområdet. Uteområdet til skulen er frå sykkelskuret i den søre enden til praktisk bygg i nord, i tillegg til heile grasbanen.Det er ikkje tillete å gå utanfor skulen sitt område.Undervisningsrom og kantina:Elevane bruker ikkje hovudplagg som caps, lue, hette o.l. Ytterklede skal ikkje vera på. Publisert av Dag Roar Espe Publisert 10.01.2023 12.35