November - besøk frå ungdomsskulen
To representantar frå elevrådet, lagleiar og rektor på Nærbø ungdomsskule (Nus) kjem på besøk til alle elevane på deira heimskule. Me ynskjer å bli betre kjent og fortelje litt om skulen vår. Her kan de og stille spørsmål om det er noko de lurer på.
Mellom vinterferien og påske - foreldremøte
Alle føresette vert invitert til foreldremøte. Her er og elevane inviterte, det er viktigast at dei føresette kjem. Mellom anna vil me gje viktig informasjon om karakterar og fråvær, samt val av språkfag/arbeidslivsfag og valfag. Meir informasjon + valskjema finn de under "fil" til høgre.
Mai - overgangssamtalar
Lærarane på Nus kjem til barneskulane for å ha overgangssamtalar med elevar, føresette og lærarane på barneskulen. Det er viktig å vere førebudd, og me tek utgangspunkt i skjema for overgang mellom barne- og ungdomsskule.
Juni - skulebesøk og "bli kjent kveld"
Elevane på 7.trinn kjem på skulebesøk på Nus. Her får de ein omvising på skulen, og de får møte kontaktlærar og dei andre lærarane på trinnet. I juni blir det og ein "bli kjent-kveld" der alle elevane på trinnet kan bli betre kjent.
NB! Eiga innkalling til dei ulike aktivitetane kjem når me har dato klar. Dette avheng mellom anna av tidspunkt for eksamen. Har de spørsmål i samband med overgangen, er det berre å ta kontakt med anten barneskulen eller Nærbø ungdomsskule.
Me er tilgjengelig anten på telefon eller mail :-)