Elevane har møteplikt til alle timar på alle årstrinn. Dokumentert fråvær er berre permisjon innvilga av skulen eller sjukdom dokumentert/meldt av føresette eller lege. Alt anna fråvær vert rekna som udokumentert fråvær (sjølv om føresette skriv melding).
Hovudregelen er at alt fråvær på ungdomstrinnet skal førast på vitnemålet. Dersom fråvær skyldast innvilga permisjon, eller dokumentert fråvær med legeerklæring, kan føresette søkje skulen om å stryke inntil 10 dagar kvart skuleår. Fristen for å søkje skulen om dette er 1.juni kvart skuleår. Merk! Sjukefråvær kan berre strykast frå og med 4.sjukedag. Fråvær som kan strykast er kun heile dagar eleven har vore vekke frå skulen. Ein kan ikkje gjera om enkelttimar til heile dagar. Foreldre og foresatte melder fråver gjennom appen Min skole - foresatt eller gjennom Visma flyt.
Foreldre og føresette kan søkje om elevpermisjon gjennom Visma flyt skule. Innlogging finn du på skulen si heimeside. Rektor kan innvilge permisjon i inntil 10 skuledagar i ein samanhengande periode (med helg i midten). Føresetnaden for å innvilge permisjon er at det er fagleg forsvarleg å gje eleven fri. Dersom ein elev allereie har stort fråvær, kan det føre til at læraren ikkje får tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag til å setje karakter. I den samanhengen teller alt fråvær, og ein skil ikkje på dokumentert eller udokumentert fråvær. I slike høve vert søknad om permisjon avvist.
Eleven eller foreldra kan krevje at skulen legg ved dokumentasjon og årsak til fråværet som eit vedlegg til vitnemålet. Foreldra eller eleven har då ansvar for å dokumentere årsaken til fråværet og krevje at dette vert vedlagt vitnemålet.
(Opplæringslova § 2-13 og forskrift til opplæringslova kap.3)