Ein vel representantar til FAU på første foreldremøte kvar haust. Det vert valt to representantar frå kvart trinn. Av desse 6 representantane i FAU vel ein to representantar til samarbeidsutvalet.
For å få kontinuitet i utvalet sitt arbeid, har ein følgjande valordning:
8.trinn:
Ein representant som sit i to år, og ein som sit i eit år.
9.trinn:
Ein representant som sit i to år, i tillegg til den som sit vidare frå året før.
10.trinn:
Ein representant som sit i eit år, i tillegg til den som sit vidare frå året før.